torsdag 10. september 2020

Konfirmasjon i Karasjok

Tidleg lørdag morgon,
er vi på vei mot Karasjok.
2,5 t i bil og skal vera klar til gudstjeneste kl 11
blå himmel, nokre skyer, ein flott konfirmasjonsdag


Karasjok, det røde kyrkjetårnet stikk såvidt opp bak trea.
Karasjohka/Karasjokka renn gjennom sentrum
Sametinget ser ut som ein stor Lavvo frå denne sida
I kyrkja ser ein alle dei fargerike samekoftene.
Gudstjenesten forgår på samisk og norsk.
Dei har og eit anna rituale,
enn vi søringer er vande med.
(1 stk lånt foto)
eg var fotograf, og tok stort sett bilete,
 til bruk for konfimanten og familien
eg har prøvd å klyppe ut nokre detaljer,
for å vise litt av detaljer, farger og sølv






festlokalet var fint pynta,
med samiske detaljer på bord og vegger



eit forstørra bilete,
heng på veggen,
 det er Kjell H Sæther er fotograf.
Han er ein dyktig fotograf, som ofte viser sine bilete,
på facebooksida Finnmark i bilder
eg har lært at koftene kan variere i farger,
men det måten dei er sydd på,
som seier noko om kor dei er frå.

ein lang og fin dag går mot kveld
skyene tettar seg til,
og den solrike og fine dagen, går over til regn

Konfirmantane var glad for at dagen endeleg er over.
det har vore lange og mange månader å vente,
Her er det vanlig å ha konfirmasjon, lørdag før Palmesøndag.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar