søndag 22. november 2020

Grått og blått, Håtangen/Nærland

Etter dager med vind og regn,
kom denne dagen med gråblå skyer og litt vind.
eg vandrer åleine langs steingard, sti og vei
eg fekk mang eit nikk, smil og hei
og følte meg slett ikkje åleine på min vei
fuglar fauk i flokk
rester av gårsdagens snø,
låg ennå langs steingard og sti
Håtangen
nausta på den vesle tangen
der Håelva møter havet.
det ser ut som om der er tomt og stille,
men mang ein vandrer tek ein rast der,
på benken, i ly for vind og vær.
skyer er for det meste blå/grå
men innimellom kan ei skimte himmel utan skyer på


skarven er på sin vante plass
på steinane ytterst mot storhavet
i motlyset
sola gjer eit tappert forsøk på å sleppa gjennom skylaget
ein forfriskande tur ved sjøen

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar