onsdag 29. september 2021

Modalen

Ein grå og regnfull dag,
ruller bilen innover Modalen
Det er vindstille,
sjø og vatn ligg speilblanke langs vegen
Mot Mo
ein sandbåt legg til kai

ein geiteflokk held til langs vegen
Steinlandsvatnet
eit vakkert skue
Innerst i Modalen
ligg to gamle tun
det eine er under restaurering
og treng mykje omsorg 
sauehuset er ferdig restaurert
den gamle skeive smia venter på tur
løa som resten av bygningane
er og godt slitne
etter ein stopp innerst i dalen
ein kaffikopp, ein god drøs og omvisning av eigaren,
ruller bilen utover dalen
på smale, svingete og humpete vegar

ein fin tur trass i tunge skyer og regn
Naturen har mykje å by på
på slike dagar og.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar