søndag 26. september 2021

Eikemo i Masfjorden

Vi har hatt ein tur nordover på Vestlandet.
Vår base var på Eikemo, i Masfjorden kommune.
Akkurat her på denne plassen
mellom fjella
er det to gardsbruk.
Ein stille og rolig plass
det er ein grå kveld
skodda heng over dalen
innimellom kjem nokre regndråper
elva renn stille
trea spegler seg så fint i vatnet
roen senker seg
bare nokre fykande småkryp
gjorde sitt for å forstyrre roen


her og der kan ein sjå spora,
og kjenne eimen etter hjorten,
som kvar kveld kjem inn på bøen
like framfor hus og løe
Ein fin plass eg skulle besøkt oftare

2 kommentarer:

  1. Riktig fine høstbilder! Fargene passer så godt til hverandre denne årstida. Bildene minner om akvareller.

    Fortsatt god søndag fra Ingunn

    SvarSlett