lørdag 16. april 2022

I solnedgangen, Nærland strand

Det er ein kald men fin kveld.
Mange har funne vegen til stranda.
Eg høyrer ukjente språk,
Mange frå mottaket i nærheten
har nok og funne vegen hit denne kvelden.
eg vandrer i eigne tanker
og studerer liv og fargespel rundt meg
gildt å finne slike teikninger på stranda
Med eitt blir eg oppmerksom på noko ukjent i sanden
eg spenner forsiktig vekk litt sand,
for å sjå meir av skapningen.
Dette er nytt og ukjent for meg.
Skapningen har armer både her og der,
som beveger seg som klør på krabber.
Medan eg studerer skapningen,
kjem ei dame til meg og lurer på kva eg gjer..
Ei ukrainsk dame frå mottaket,
ho er svært interessert,
og vi fann tonen med det same.
Praten går, fleire norske kjem til,
det går i ting om Ukraina og Norge.
Dei andre går og vi to står igjen,
praten og tida går.
det er nesten som om eg gløymer det eg kom for,
- å fotografere solnedgangen
Vi blir ståande så lenge,
 at kjølen sneik seg innafor kleda,
vi vart kalde begge to.
I slike høve er facebook ein fin ting,
vi fann kvarandre der.
Dama frå Ukraina var raus med klemmer,
bukka og takka for fin samtale
og for oss gode, gilde og gavmilde nordmenn.
Dama sprang kald og glad mot mottaket
eg tok ei par bilete og gjekk mot bilen
Først då eg kom i bilen,
kjende eg at kjølen 
og var komen skikkelig 
inn under mine varme vinterklede.
Eg tenke på dama frå Ukraina,
som hadde mindre klede enn meg,
verken hue eller votter....
Eg var glad og tankefull på vegen heim att.
Det er ein ting å nyheter om krigen via TV,
der er noko heilt anna å få ei personleg oppleving så tett på.
Vi har halde kontakten,
og seinare har dama vore heime hos meg.
Vi hadde ein endå lengre samtale,
om fortida, nåtida og håp for framtida.
.
Det vert nok snart eit nytt besøk i min heim.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar