Feriegjestene har lyst på ein spasertur
eg bringer dei til Hå,
og vert med det første stykket.
Turen går ned mot Håelva
ute på tangen ser ein båthusa
som ligg værhardt til
sola varmer, og det er ein av dei fine dagane denne sommardagen
Håelva renn stille ut mot havet
ved hengebrua over Håelva,
går eg til bake til bilen,
og gjestene fortset nordover mot Nærland og Refsnes
eg køyrer bilen til Refsnes,
og plukker dei opp att der.
Ein fin måte å få sjå meir på,
når ein kan gå så langt ein vil/orker,
utan å tenke på at ein må gå tilbake til utgangspunktet.