fredag 18. august 2023

Orre strand, Klepp

Ein julidag på Jæren,
ein dag utan vind og regn
og turen går til Orre strand,
Norges lengste sandstrand.
bølgjene slår så flott mot land
og lange skyer danner eit belte
 der ute i havet
det er godt å kjenna lukta av sjø og strand
nesten folketomt så langt auga kan sjå
(enkelte har funne seg ein lun stad,
inne mellom sanddynene)

mang ei manet ligg på stranda,
sikkert skylt på land i siste uvær.
litt usikker på kva slags manet dette er
fotspor er her mange av



glassmaneter er det over alt

innimellom kom eg over fleire av desse brune


ser nesten ut som om det er eit stykke rav...
nok ei brun manet


Godt å få ein god luftetur,
mellom alle vertinneoppgavene.
Årets sommar har gått med til å kose seg i lag 
med alle sommargjestene.
Vi har hatt turer i lag,
men eg har ikkje fått lagt inn så mykje her...
Det får kome litt etter litt no framover.

Ha ein fin dag, der du er.
 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar