tirsdag 6. oktober 2026

Ein runde på Nærland

Det nærmar seg solnedgang,
då eg tek turen på stranda
skyer og farger fanger mi interesse
somme dager har eg fokus kun på det å gå/aktivitet,
i dag vart det fotografering..
somme dager er det lett å få farten opp,
andre litt tyngre.
I dag ville kroppen ha eit rolegare tempo,
og då er det fint å vera i nuet og oppleve det som er rundt meg
kroppen har det jamt over bedre,
og eg orker meir og meir.
Veien har fortsatt svinger,
men dei blir mindre og mindre







sjølv i oktober finns det små fargeklatter
blant gras og strå








i "spagaten"

Lag deg ein fin kveld,
der du er.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar