mandag 5. april 2010

Reiseklar

Påskehelga er over
og dagen er snart komen
då eg skal avgårde til nye veker
på treningsleiren oppi Sogn

Kofferten er pakka
og i morgon tidleg
set bilen kursen nordover
med overnatting undervegs
nordanom Bergen


er eg klar til første trenings økt
etter lunsj på onsdag.

Mellom fjell og fjord
ligg ei lita skogsbygd
den vert min heim dei neste 3 vekene.

Internet forbinnelsen er heller dårleg
men kan overraske innimellom.
Skal prøva å få til eit innlegg eller to,
men det vert nok få besøk og kommentarar
i andre blogger.
.
Tilslutt vil eg minna om utloddninga den 28.april.
Koselig om fleire vil delta.

fredag 2. april 2010

blå himmel og store skyer

Det regna heile føremiddagen
men midt på dagen byrja det å bli sprekker i skylaget
og vi tok oss ein tur i Hanabergmarka
.
Åker og eng er enno farga av fjorårs gras
og lite har byrja å spira
.
den blå himmelen, dei store skyene, steinar og tre
.

har fanga mitt blikk i dag.
. om ein ser godt etter
kan ein sjå mang ein figur i slike skyer
.
og alle ser me foskjellige ting
kva ser du?
.

dei mørke regnskyene er ikkje langt unna
.

fortsatt god påske.

onsdag 31. mars 2010

Våronn

Våronna er såvidt komen igang på desse kantar.
Gulrot frø er sådd og kål er komen under plast.
Ein kan og merka eimen av gjødsel - eller lorta/sjidd loktå -
som me seier her.
.
Mi våronn i hagen er ikkje starta
vel eg fjuska litt og kjøpte meg litt frå gartneriet.
.
Fem snøklokker var alt som kom opp
etter all gravinga i fjor.
Denne våren og sommaren
går med til å sjå kva som har overlevd
og seinare planting.
.
Vi skal ha litt konsulent hjelp
med å velga ut planter og busker som vil trivast
på denne forblesne haugen me bur på.
Inntil vidare vert det lite som blømer her.
.

Det er snart tid for avreise
for tre nye veker på senteret,
med trening, trening og atter trening i fokus.
.
Eg har ennå eit par dagar på arbeid,
før det vert pakking og "våronn" i heimen.
Tirsdag morgon startar eg på turen nordover.
.

Tilslutt vil eg ynskja alle mine lesarar
GOD PÅSKE.

lørdag 27. mars 2010

Vedafjellet, Sirevåg

Etter ein kort spasertur
er ein oppe på toppen av Vedafjellet.
.

Her kan ein sjå langt på alle kantar

I mange år var det nok berre dei mest lokalkjende Hå buane,

som visste kor gjennombora Vedafjellet i Sirevåg var

av tunnellar og bunkarar med far etter kanonstillingar.

Det tok mange år før dette området vart frigjort frå folk flest.

I dag er det eit av dei tydeligaste krigsminna i Hå.

Over alt finn ein opningar i fjellet


i nokre av dei
ein kan gå lengre stykkje inn i fjellet

her finn ein bevis på den aktiviteten
som har foregått inne i fjellet.


frå kommando bunkaren har ein utsyn over store deler av jærkysten
mot Egerøy fyr i sør

innseilinga til Sirevåg hamn

på toppen av fjellet ser ein og tydelige spor etter
aktiviteten under krigen.
.
Ein fin og spanade tur, for store og små - ikkje barnevogn.
men husk å ta med ei lommelykt.
Vår lykt var for svak, så vi fekk ikkje utforska tunnellane så mykje som vi hadde tenkt.

mandag 22. mars 2010

Mysterie i naturen

Om ein køyrer langs R44 sør i Hå kommune
passerar ein denne steinen.


Heilt sidan eg var lite jente har eg tenkt på dette mysteriet.
Kva er det eigentleg som held denne steinen på plass?

sjølv om eg no var på nært hald,
kunne eg ikkje finna nokon grunn for at steinen ligg der den ligg


Det er vel eit naturens mange mysterier som aldri vil bli løyst...

søndag 21. mars 2010

Gåsungar

Innom ein kort tur for å fortelja at dei første gåsungane er observert...



og for å sei tusen takk for gratulasjonar til volvomannen.
Han sette stor pris på det.

lørdag 20. mars 2010

jubilant med bildilla

Stor dag i heimen i dag -
mannen har fødselsdag....
.

Volvoer er hans store interesse
og som oftast finn du han i garasjen
med eit eller anna verktøy i sine oljete hender (og klær)
Denne volvoen har han hatt heilt i smådeler og restaurert sjølv.
.
Andre ting som kan skruast på, går og an
Denne Puch 64 og ein rød Puch i smådeler
skrur og pusser han på innimellom



Han reiser på treff, der bilar og motorar er det store tema

den lokale klubben har teke turen til fjells
- fotografen var med mest for fjellturen sin del,
då biler ikkje det mest interessante tema....

volvotreff i Røldal
.
til dagleg er han lastebilsjåfør...
.
Den store festen er unnagjort
men det kjem nokre gjester litt utpå dagen
til kaffi og kaker.
.
Gratulera med 60 års dagen, min mann!