fredag 22. april 2011

til fjells...

 Vi startar heimanfrå medan mange enno ligg godt under dyna,.
- det er eit stykkje å køyra før vi startar gåturen/klatreturen oppover fjellsida.
.
- sola har enno ikkje nådd ned i dalen då vi stoppar bilen
.
 - etter ein bratt stigning når vi målet - Månafossen
- fossen har eit fritt fall på 92 meter.
.
 -vår tur stoppar her i dag,
men går ein litt lenger, bakanfor fossen
 kjem ein til Fidjadalen og det nedlagde gardsbruket Mån
som i dag er i bruk av Jæren Friluftsråd.
.
 - vi snur og går ned att
.
 - sola varmer frå nesten blå himmel
.
 - vel tilbake i bilen, gjer vi ei lita reis til ei ny topp
- til Giljastølen
 .
- her ventar vertskapet på hytta
med varm grill og eit godt måltid mat.
Vi sit i hytteveggen, nyt høgfjellsol og "sommarvarme"
Flott avslutning på ein strålande dag.

onsdag 20. april 2011

til heis....

 I dag går turen til heis og til eit anna rike..
- til Garborg sitt rike.
. 
Turen startar ved porten opp til Knudaheio
- diktaren Arne Garborg sitt sommarhus
.
 - sommarstova vart bygd i 1888/89
og var i diktarens eige og bruk til 1923.
.
 - eg svingar av vegen og går opp på toppane rundt stova
.
 - eg helsar på "an Arne"
som ser ned på stova og ut over Jæren
.
 - eit slør av dis/skodde ligg over Jæren
så ein kan ikkje sjå til havs i dag.
.
 - eg kjem meg ned frå toppane
og går vidare innover på gruslagt veg
.
 - og langs eit vatn
.
- før eg snur og går tilbake same vegen eg kom
. 
 - den vesle røde stova vart gitt til Time Kommune i 1924, av Hulda Garborg.
Her endar min tur i dag, - ein fin runde, og eit flott terreng å gå i.
.
Så vil eg ynskja alle
GOD PÅSKE - HAPPY EASTER - FROHE OSTERN

tirsdag 19. april 2011

sol, blå himmel og litt stein...

 I dag går og turen langs havet
- som han så ofte gjer.
.
- eg er i eit nytt steinrike
.
 - utgangspunktet er Hå gamle prestegard
(- i dag er husa brukt til kunst og kultur)
.
- skodda ligg som ein grå vegg uti havet
.
 - eg går langs kystlinja - sørover
.
 - og svinger opp i høgda, forbi Obrestad fyr
 .
 - grå skodde, kvite skyer og blå himmel - flott
 .
 - eg går hovudvegen tilbake
.
- herifrå kan ein sjå langt bortover Jærens flate eng og åker.
.
Bileta kunne nok vore klarare,
men pga av disen som heng innover land
vert bileta deretter.
.
I morgon kjem ein ny dag og ein ny tur.

søndag 17. april 2011

stein på stein

 Når ein går langs Kongevegen
frå Bodle (Varhaug) og sørover,
ser ein kor steinrik Jæren kan vera
og kor mykje av steinen som er nytta opp gjennom tidene.
.
- steingardar finns det over alt på Jæren
.
 - til vegger i nausta
.
- stein på stein er lagd med handamakt
.
 Varhaugslosen har rodd ut her frå Varhaugsstøene,
Losbåten låg her, og den siste losen døde i 1913.
.
 - stein til gravstøtter
.
 - kva dette huset er brukt er litt usikkert,
men det kan ha vore ein jordkjellar
.
 - høg himmel, grøne marker og steingardar,
det er eit flott syn
.

 Varhaug gamle kyrkjegard.
Her har vore kyrkjer frå den eldste kristne tid,
den første ein kjenner til, er frå 1328.
.
Når bøndene rydda eng og mark for stein,
slik at dei skulle få meir til å dyrka på,
la dei steinane i røys eller brukte dei til steingardar
for å skilja åkerlappane frå kvarandre.
- ja,  i gode gamle dagar...

lørdag 16. april 2011

Morgontur på stranda

 Skodda som var som ein grå vegg i dag tidleg,
hadde trekt seg ut i havet, då eg gjekk tur på stranda.
.
- sola skein gjennom skoddeeimen
fuglane song og kvitra
.
 - bølgebrus og ein liten bris
.
 - lukta av tare og tang
.
 ja, det var det eg tok til meg på min veg
.
 - her og der såg eg grøne spirer
.
 Å gå tur i slike flotte og stille morgonstunder
gjev nye krefter og klart hovud...

 - det er ein god start på dagen.
.
 I det eg er på veg tilbake til bilen,
kjem skodda tilbake....
- sjø, strand og himmel
det er nesten som om dei går i eitt...
.
Har hatt eit nytt objektiv på kameraet idag,
- me treng å verta litt meir kjente me to....
.
GOD HELG!