mandag 16. mai 2011

Litt frå hagen

 Blomane på epletreet er i ferd med å visna
.

 - nokre perleblomar skin så flott i blått
.
-  knoppar klar til å springa ut
.
- på plommetreet finns endå nokre blomar
.

 - i morgonstilla heng enno doggdråpar på blomar og blad
.
 Løtnantshjertene viser godt igjen med sin vakre rødlige farge
.
 Smil er kjærlighetens språk
.
Ha ein fin dag!

søndag 15. mai 2011

Rogaland rundt - langs kyst og fjord

 Vi er no komne til fylkesgrensa Rogaland - Vest Agder.
I følge kartet går grensa midt i fjord/elv og vatn
eit stykke innover i landet.
Åna Sira er ei lita bygd på ca 280 innbyggjarar.
.
 Elva Sira deler bygda i to
.
 her står eg i Vest Agder og tek bilete av Rogaland delen...
.
 Kyrkja er plassert på i Rogaland, ho stod ferdig i 1888
.
 Me køyrer innover i landet langs elva Sira.
.
 Åna Sira Kraftstasjon ligg i vest Agder
og utnytter eit fall på 48 meter
.
 - der elva renn ut av Lundevatnet.
.
Turen heimover går langs riksveg 44
opp bakkar og ned bakkar, og mange svingar.
Ein fin veg å køyra om ein vil sjå seg om, og har tid til å stoppa undervegs.
.
Eg skal no ta fatt på den delen av Rogaland
som ligg nordanfor mi heimbygd.
Korleis ruta vert er ikkje heilt avgjort enno, men har sett meg ut nokre plasser eg vil ta turen til.
Eg er mindre kjent her,
så kom gjerne med tips om stadar de meiner vil vera interessante  å besøkja.

fredag 13. mai 2011

Rogaland rundt - langs kyst og fjord

 Turen går vidare sørover mot fylkesgrensa langs fylkesveg 44.
Vi køyrer i fjelllandskap, det er mykje opp/ned og mange svingar.
.
Når vi kjem over ein av toppane, kan vi gå ut på eit utsiktspunkt
der ein ser utover Jøssingfjorden.
.
 Når vi kjem ned i dalen, i Jøssinghavn
 gjer vi eit stopp ein stad vi alltid har køyrt rett forbi,
og kun sett frå hovudvegen.
Som barn snakka vi alltid om dei husa som det aldri hadde regna på.
.
 Husa under Helleren er restar etter bustning som går langt tilbake i tid.
.
I historisk tid var Helleren husmannsplass under garden Haneberg.
Folk levde av fisken i havet,
og husdyr som nyttigjorde seg det sparsommelige foret.
.
 Husa står utan taktekking, fordi fjellet beskytter husa i dag
- som det har gjort i uminnelege tider.
.
 Helleren er ca 60 meter lang og inntil 10 meter djup fra dråpefallet og inn.
 .
 Helleren blei fråflytta på 1920 talet.
.
 Me går tilbake til bilen
.
 køyrar vidare på vår veg
og kastar eit siste blikk på husa under Helleren.
 .
 Vi svingar av hovudvegen og køyrer langs fjorden
.
- så langt vi kjem og til vi ser at fjorden møter havet.

onsdag 11. mai 2011

Topptur til Skarkjen

 Turen startar ved Aurenes i Time kommune,
og det kan henda at du legg merke til at eg er tilbake
der eg gjekk tur for eit par veker tilbake.
I dette området finns det mange toppar,
så det kan ta ei tid skal ein nå over alle.....
.
Stien vi skal fylgja i dag, går forbi Knuden
.
 - sauer og geiter stopper opp eller kjem oss i møte
.
 Det går oppover og oppover,
.
 - fleire toppar og vatn kjem til syne
.
 - her oppe er det ikkje så grønt som nede dalen
.
 - vi går langs Sjurstjødn
.
- over små myrar
.
 - og tilslutt svingar vi opp mot ein topp.
Her i frå Skarkjen ser ein ut over Jæren som i dag har eit teppe av dis over seg.
 .
 - nedturen går litt lettare enn oppturen,
.
 - vi svingar ein tur opp på Knuden,
og ser ut over Tjålandsvatnet
 .
 - før vi tek fatt på dei siste nedoverbakkane...
.
Vi enda ikkje på den toppen vi hadde tenkt å nå,
men det er bare fordi vi ikkje hadde lese kartet godt nok på førehand,
og var litt usikre på kvifor ein topp som var den rette.
Vi nådde ca 345 moh, og målet vårt Ulvarudlå er på 418 moh.
- dit får vi ta turen ei anna gong

mandag 9. mai 2011

Rogaland rundt - langs kyst og fjord

 Sogndalstrand.
Der elva Sokna møter havet
finn ein ei lita bygd med ca 80 innbyggjarar.
.
Sogndalstrand er ein av dei mest besøkte turistattraksjonane i Rogaland.
 .
 Fastbuande og næringsdrivende ynskjer besøkjande velkommen med åpne armar,
ja her merker ein at sjel og atmosfære fremdeles bur i gata.
.
 I dag finn ein Sogndalstrand Kulturhotell, Galleri Rosengren, Horneland's landhandel,
Kjelleren souvenirbutikk, Krambukafe og om sommaren Bryggegalleriet her.
.

 Hotellet har totalt 24 rom fordelt på 8 forskjellige hus, samt kurs og konferanselokaler. Restaureringsarbeidet som er gjort har fått mange lovord og roma har høg standard.
Hotellet er åpent hele året.
.
På grunn av konfirmasjon i bygda,
kunne vi ikkje få kjøpt middag  i hotellet sin kafe
- det vart kake og kaffi i Krambukafeen i staden.
Då har ein god grunn til å turen tilbake ei anna gong.......
- kokka skal vera veldig flink å laga mat, seiest det...