- eg går langs elva som renn stille mot havet
- elva er som ein spegel
- eg går mot høgre og inn på ei mindre strand
- her ligg steinane tett i tett
- utanfor nausta ligg båtane på land i påvente av ein ny vår og sommar
- sola skin frå blå himmel, ingen vind
gradestokken viser 12-13 grader
- grøne spirer
- og løvetann så gul..
Ein kunne nesten tru at det var ein tidleg sommardag,
- ikkje november og snart vinter
- det er så fredelig å gå slik ved havet
- sjå på bølgjene som kjem mot land
- og kjenna på varmen frå sola.
-ein tur på den lange Brusand strand får eg ta ein annan dag.
- full av ny energi er det på tide å reise heim og ta fatt på mine daglege gjøremål.
