onsdag 21. desember 2011

Refsnes strand i morgonsol

Dagen starta med eit vakkert skue i sol renningen
 -  fri frå arbeid og andre oppgåver 
nytta eg morgonen til å gå meg ein tur på stranda
-  Refsnes strand i morgonsol og - 2 grader C
- rim i sanden og fine klare farger
 - det er godt å lytta til bølgjenes sus
 - det er godt å kjenna sola varma om kinn
 - det er fint å sjå på naturens eigen kunst
 - det er godt å kjenna at skuldrene senker seg
 - det er godt å kjenna roen og freden som fyller mitt sinn
 - det er godt å vita at ein kan rusla i roleg tempo
- utan å tenkja på at tida går...

Ja, det er godt med slike dagar innimellom....

mandag 19. desember 2011

Kunst i Obrestad havn

- ved hjelp av landskapet rundt, hav og skyer
har eg laga variasjonar av same motiv...
 - denne kunsten finns heilt ute i havgapet
 - på moloen som skjermar havna for det verste uværet

 - eg veit ikkje navnet på kunstnaren,
eller kva han har kalla kunsten sin.

søndag 18. desember 2011

sola skin....

Det er godt å kjenna sola varma
etter mange dager med regn og vind.
-  her på Jæren er mark og eng ennå grøne
- snøen har lagt seg på fjelltoppane lenger inne i landet 
- slik ser det ut her på Bø i dag, 
- sett frå mitt kjøkkenvindu.... 

onsdag 14. desember 2011

Flaum langs Håelva....

Regn, regn, vind frå kuling opp til storm i bygene
- slik kan ein beskriva været her dei siste vekene.
-det var ein kort periode med opphald i går ettermiddag,
då "måtte" jo eg ut for å sjå på flaumen....
 -Håelva sin normale bredde ser ein mellom gras tustene....
 i går vart det for mykje nedbør på ei gong
 - til at Håelva klarte å svelgja vatnet unna
 - store innsjøer breier seg ut over bondens marker
 - bileta er litt mørke, dei er tekne om ettermiddagen
-  mørkret kom sigande 
medan eg var på min runde rundt den nye innsjøen
- eg håper de likevel får ein inntrykk av den store vannmengda 
som har samla seg her....

søndag 11. desember 2011

snøen som fallt i fjor......

Desember 2011 har til no kome med stormfulle dagar,
regn, vind og 6-8 plussgrader.
Lite minner om vinter og kvit jul...
Eg har vore i arkivet og funne bilete frå desmber 2010
då var det snø, vindstille og 5-10 minusgrader her...
her er litt av snøen som fallt i fjor....
 - heima på Bø

-  Garborg
 - Risa

 - Knudaheiå - Diktaren Arne Garborg budde her om sommaren

 - nokre dagar med litt mindre snø....

 - den vesle kyrkja ved havet, på Varhaug.

 - soloppgang på Bø

Eg vil ynskja dykk fine desemberdagar
og ei fin førjulstid.