torsdag 11. juli 2013

Morgontur på Ræge strand

Det er morgon og ferietid,
og mange er fortsatt i drømmeland når eg går på tur.
Det er sol, ennå litt morgondis, og ein liten vind - ein fin sommarmorgon -
likevel har eg stranda omtrent for meg sjølv.
Eg går over sanddynene for å koma ned til stranda
 - vinden har viska ut alle spor
 - eg kjem ned på enden av Sola strand
 - eg svingar mot vest og går over bekken
- til Ræge strand
 - snart ser eg over bukta til det eg trur,
må vera eit dei mest fotograferte nausta på Jæren...
 - fint er det..
 - med eitt får eg auga på eit cruise skip, som er på veg inn til Stavanger
 Costa Luminosa
 - ganske så stort der det sig innover mellom dei små øyane
- det er lavt vatn
og ein stad låg det store mengder med sneglehus, på tørt land...
 - snart er eg ved enden av stranda
 - her snur eg og går tilbake mot utgangspunktet
- ein fin tur og god start på resten av dagen....

lørdag 6. juli 2013

Hustoftdal - mitt "hemmelige paradis"..

Ein stad godt gøymt mellom fjella, i Eigersund Kommune
ligg Hustoftdalen.
Ein stad eg har fått lov å bli kjent med og bruke i fleire år.
Det er som om eg føler meg litt heime, når eg kjem innover på vegen.
Det er nokre kilometer å gå frå parkeringsplassen.
Veien går langs Omdalsvatnet
- her har deler av fjellet ein rødleg farge
- ved enden av Omdalsvatnet, er vi halvvegs til målet
- nesten framme..
- her kan ein gå inn på tunet,
- eller velgja ein anna veg
- eit kort stykke og rundt svingen, så er vi der
- ei einsleg revebjelle veks ved ein stein
- bregner har slått rot mellom steinane til husets vegg
- i Hustoftdal er det eit lite gamalt gardsbruk, som i dag er fritidsbolig.
Ein stille og fredelig plass,
der ein kan sitja ned og drøyma seg vekk,
medan ein lytter til fuglesang og bekkesildring...
- frå husa ser ein ned mot vatnet
 - nede ved vatnet er det laga ein enkel benk,
der ein kan sjå utover og bare nyta alt det vakre som finns
 - eg ruslar rundt omkring
 - tek til meg av alt som naturen byr på

 - kan liksom ikkje sjå meg mett...
 - det aller beste med denne plassen er,
at det er mulighet for å køyra inn for den som har behov for det.
(vegen er stengd med bom....)
Om ein ikkje er i god form, er dårleg til beins m.m.
kan ein likevel kome seg ut i naturen, 
få følelsen av av å vera langt frå den travle og støyande kvardag.
 - det er ikkje alltid at eg kan gå heile vegen inn.
Då har eg "følgebil" og går så langt eg klarer,
og får likevel ein fin opplevelsrik dag til "fjells".
Eigaren er no "godt opp i åra" og det er litt uvisst kva som skjer med plassen i framtida.
Eg kjenner at det vert eit sakn om andre skal overta, 
og eg ikkje lenger kan få bruka plassen som no.....

torsdag 4. juli 2013

Obrestad havn ein regnværsdag

Det har vore regn og vind heile dagen,
men i det eg kjem ned til sjøen, er det opphald...
Før eg går ned til havna,
tek eg ein tur opp på ein av haugane 
og får god oversikt over havna.
Obrestad havn ligg litt i le for den vinden som er.
. eg ruslar rundt om i havna
 - og ser på det meste gjennom kameraet
 - ute på moloen
 ser eg på kunsten som er plassert der.
Eg har ikkje funne navn på kunst eller kunstnar.
 - det er ingen andre her i dag, så eg kan svinga kameraet som eg vil....
 - eg finn mange interessante motiv
 - det som eg viser vert berre eit lite utvalg
 - eg finn mange slags blomar 
 - litt til fiskebåtane
 - midt på kaien ligg "fiskarane sitt hus"
 - det har eit vindu - som eg vart litt fasinert av.....
 - fleire blomar...
 -"nygammalt"
 - gammalt...
 - nyare innretningar
 - med mange nye bilete i kamera og på netthinna, forlater eg havna.
 - uansett vær og vind, finnst det mykje spanande og interessant rundt om,
om ein berre tek seg tid til å sjå etter...