lørdag 8. august 2015

På "oppdagingsferd" i heimbygda

Dette er innlegg om ein liten del av bygda.
Veien eg vandrer på er ikkje så lang,
men eg fann mange interssante og fine ting å sjå på undervegs,
så dette blir eit litt lenger innlegg enn vanleg.
Eg har vandra langs veier som eg oftast køyrer forbi.
Når ein velger bort bilen, 
ser ein på landskap og det ein måtte møte på vegen,
 med heilt andre auger.
Mi "oppdagingsferd" starta ved Nærbø gamle kyrkje
 - herifrå ser ein mot Hauen/Bjorland
 - eg passerer eit lite fint gardstun
 - bøndene haustar gras i godværet
-  eg rusler mot Lode
 -  innover veien som går gjennom Lode,
mellom dei to hovudvegane, Nærbø - Vigre og Nærbø - Næsheim
 - ein får eit anna inntrykk av bygningar/landskap 
når ein ikkje hastar forbi i ein bil
- eg passerer Lode Ride og terapicenter
 - eg passerar mange steingardar
 og gardsbruk
 - mark og eng
 - eg ser nedover mot Næsheim/Njærheim
 -den gamle mølla på Lode, 
som no er under ombyggjing til andre formål
 - Köhlerpaviljongen
 - blå himmel, nokre skyer, steingard og grøne marker
-vakkert i mine auger
 - hønshusa på Næsheim
 - eg går over hovudvegen Nærbø-Nesheim
 - forbi Stølen
 - grasballer vert køyrt til lagringsplass
 - ennå ligg ein del grass på markene, klar til innhausting
 - eg ser mot brua på Kaffiholen og Rimestad
 - eg svinger inn på veien mot Kaffiholen
 - på andre sida av bondens mark ligg Rimestad
 - mot Kaffiholen
 - Håelva mot Søyland
- Håelva mot Torland
 - ved Kaffiholsbrua ender mi vandring i dag
 - dette var morro,
kanskje det snart vert ei ny "oppdagingsferd",
i ein annan del av bygda...

fredag 7. august 2015

langs steingard, vei og sjø..

Skodde og dis heng låg over Jæren,
når eg rusler langs sti og vei..
Seilbåten går nesten i eitt med den grå veggen
 - kornåkeren er snart klar til hausting
 - fluer og bier i "fullt arbeid"
 - badetid for kyrne
 - Håtangen 
 - langs steingardane veks blomar/ugras og strå av fleire slag
 - kornåkrane i forskjellig lys
- sjølv på grå og disige dagar,
finns mangt og fargerikt å sjå...

søndag 2. august 2015

Store skyer Brusand- Holmestø

- Fuglestadåa renn stille mot havet
 - "dragesky" over Brusand strand
  - der åa møter havet
 - Brusand strand
 - store, fine skyer som stadig endrer fasong,
heng som eit teppe over deler av området
- Holmestø
 - i nordleg retning, mot Kvalbein strand
har skyene ein litt spesiell fasong
- det minner litt om dans,
min første tanke var: Alvedans
 - dei dansane skyene har endra fasong
- på heimturen ser eg meg tilbake,
dansskyene svinger seg i ein annan dans
 - tunge skyer over Brusand
 Fuglestadåa omkransa av store fine skyer
- skyer kan vera så mangt,
og kan setja i gang fantasien hos både liten og stor.