onsdag 19. august 2015

På "oppdagingsferd" i heimbygda 2 Ringveien/Kviavegen - Lode

Det ga meirsmak til å vandre på stier og veier eg sjeldan går,
her i heimbygda.
Denne gongen starta eg i krysset Ringvegen/Kviavegen.
På eine sida av vegen har store deler av mark og eng,
 blitt omgjort til byggefelt.
 - eg vandrer mest på asfalt denne gongen,
men svinger innom eit populært turområde.
 - på Kvia er det fleire gardsbruk, store og små
 - gjerdestolper av eldre årgang
 . jernbanelinja deler Nærbø i to,
tog passerer medan eg er der,
eit lokaltog i retning nord 
og regiontog i sørleg retning
 - den vesle jernbanebrua er bygd for mange år tilbake,
og ikkje laga for dagens bilpark og trafikk 
 - ved Jærmuseet svinger eg inn i Kviamarka/Hanabergsmarka
 - eit område som er mykje brukt til tur og andre aktiviteter
 - her kan ein sitje nedpå 
lytte til roen og/eller bjelleklang frå sauene i området
 - nokre ulldotter går i eit med graset
 - "ulldottane har fått føter" og rusler bortover stien
 - eg går gjennom ein liten skog,
- denne er brukt til diverse aktiviteter for liten og stor
 - ved det vesle tjernet held nokre ender til
 - med eitt kom eg for nær,
og dei letter i flokk
 - blåklokker nikker så fint i vinden
 - eg rusler vidare på gruslagd vei
 - på toppen av Hanaberget finns det rester frå krigens dager
 - "Båden" ligg godt skult bak busker og tre
 - eg passerer Høneland
 - herifrå det er ikkje lange biten ned til Riksveien
 - rester av kanonstillingen på Hanaberget
 - eplå/potetene er i full blomst
- mot Auamotland/Ødemotland
 - Lode
 -eple/potetblomst
 - det gamle tunet på Auamotland
 - nyare hus på Lode
 - på Lode er eg ute på hovudvegen igjen
- nok ein interessant rundtur i bygda er gjennomført...

søndag 16. august 2015

Helleren, Jøssingfjord

Du har kanskje kjørt forbi, eller sett foto av dei to små husa
under Helleren i Jøssingfjord
 - begge husa er frå 1800 talet,
men deler av bygningane kan vera eldre.
Sannsynlegvis har det vore fast busetning under helleren 
sidan 1500 talet
 - begge husa har original maling,
og har aldri hatt takstein
 - husa står i le under helleren.
Helleren er stor og på det djupaste er dråpefallet ca 10 m.
- det er mogleg å gå inn i husa.
- ein vakker liten plass...

torsdag 13. august 2015

Sol. skyer,sand og sjø på Orre strand

Med Friluftshuset på Orre som utgangspunkt
- går turen til Orre strand, 
som er Norges lengste sandstrand (5 km)
- her er det skyer, bølgjer, sand og sjø som fanger min interesse
- eg rusler langs stranda og på høgaste topp (sanddynene)
- trass i godt vær 
(kanskje litt kaldt til sommar å vera)
er det enno få mennesker på stranda
å sitje på høgaste topp,
sjå ut over sjø og land,
kjenna vinden og lukten av sjø,
lytta til bølgjer og fuglesang,
det er ei lise for kropp og sjel..
- skyene var både runde og lange,
lyse og mørke,
ein kan drøyma seg vekk i fantasiens verden
og gløyme både tid og stad
Orre strand,
ei av mange vakre sandstrender
 langs Jærkysten