torsdag 4. februar 2010

Kald kjærlighet/ cold love?


Denne figuren står rett utafor døra vår.

onsdag 3. februar 2010

forsythia i blom

No er det ca 10 dagar sidan
eg tok inn forsythia greinene.


Det gjekk fleire dagar utan at noko skjedde

men dei siste dagane har blomane begynt å springa ut.







Ha ein fin dag.

fredag 29. januar 2010

Ein god dag.

Det har blitt få turar i skog og mark,
bassenget har heller ikke vore mykje besøkt
dei siste vekene.
.

I dag tok eg turen til bassenget,
optimistisk møtte eg til dobbel time
noko som vart avtalt før jul,
men som ennå ikkje har blitt gjennomført.
.
Frå første stund kjendes det godt å vera i aktivitet,
pusten var på rett plass
og kroppen samarbeida til siste slutt.
.
Så godt å kjenna at kroppen fungerar igjen,
og no gler eg meg allerede til neste time i bassenget,
på mandag.
.
God helg!

torsdag 28. januar 2010

Venter på våren....

Ute skiftar veret frå fleire plussgrader og regn,
frost og isglaserte vegar,
til sol, vind og snø på tvers.
Med andre ord
lite som minnar om vår...
.
Eg ventar på vår og mildare ver,
.
eg lengtar etter å gå på tur
utan is på vei og sti.
.
Eg lengtar etter sol
som varmar om kinn.
.
Eg ser fram til små spirer
som skal bli til blomar og strå,
til ein natur
utan vinterkåpa på.
.

Medan eg ventar
har eg anna å gleda meg over.
.
Primulaen i all sin fargerike prakt
.
er ein flott liten "medan vi ventar på vår" blome.
.
Eg vil ynskja alle ein fin dag!

mandag 25. januar 2010

Tulipaner fra.....

Har ein lese aviser eller sett Tv
dei siste vekene
har ein nok fått med seg tulipanreklamen....
.

Her om dagen så vart det min tur
til å "bita" på reklamens påvirkning.
.
Eg måtte bort å klemma på tulipanane
for å høyra den gode lyden når ein tek på dei.
Friske tulipaner skal "knirka"
det seier alltid tanta mi....

Det er flott å sjå korleis dei veks
i frå grøne knopper


korleis dei endrar farge


og foldar seg ut i all sin prakt.

enkelte heng litt med hovudet

medan andre er i full blomst
Om desse tulipanane kjem frå Amsterdam
er litt uvisst,
men sangen "Tulipaner frå Amsterdam"
minner om meg vår og blomsterenger.

fredag 22. januar 2010

Forsythia

Har vore ute i hagen og henta inn nokre greiner
av forsythia busken


ved første blikk ser ein bare fargelause og nakne greiner
Når eg såg litt meir etter


såg eg jammen grøne spirer på greinene



trass i minusgrader og vind


har busken begynt å "tenkja" på vår.


No skal greinene få stå i eit solrikt vindauga
og eg gler meg til dei gule fine blomane veks fram.



God helg.

torsdag 21. januar 2010

Tur

Etter fleire veker innomhus
kjende eg igjen lysta til å gå på tur.
Det var ein god følelse.
Sola skein, eit par minusgrader
og vinden bles friskt.

Eg har sett fram til å koma ned til havet,
kjenna sjølukt og vind.

Snø hadde lagt seg i fenner
mellom steingard og sanddyner.
På alle stier var snøen nedtrødd og blitt til is
etter all ferdsel av turfolket.


Nede på stranda
var det nesten som eit "månelandskap"


Sol og vind kjendes godt om kinn


lyden av bølgjene vart som musikk i mine øyrer,
og den lyden bar eg med meg


heilt til kråka tok over
og "sang" for meg med sin hese stemme.
......
Ein fin og god tur.
Eg var sliten etterpå,
men det var ein god trøytthet.
.......
Ha ein fin dag, alle saman.