mandag 17. oktober 2011

Byrkjedal

I dag vil eg ta dykk med til ein typisk turistplass,
til bygda Byrkjedal som ligg mellom høge fjell
langs vegen mellom Ålgård og Hunnedalen.
.
Byrkjedalstunet som ein gong var eit meieri
er no blitt hotel, restaurant og lysstøyperi.
Dette er eit populært turistmål,
og mang ein rogalending reiser hit for å få seg ein god søndagsmiddag.
 .
 Natur, idylliske byggverk, kokkekunst, vin og komfort knyttes sammen
og gir et sanselig intrykk.
.
 Byrkjedalstunet, hovudbygget si "bakside" 
- framsida er alltid full av folk og bilar....
.
Her kan du overnatte i idylliske hus, bygget i eksakt samme stil som husene
som stod i området på 1800 -tallet.
.
 De mange detaljene innen gjenstander, dekor og farger
skaper en stemningsfull reise tilbake i tid, på tross av at komforten er topp moderne.
.
 På tunet finnes alt fra det lune og hjemmekoselige
til det spektaktulære og særegne.
.
 Her finns og ei barne sæter
 .
 - med tusser og troll
.
 - eit hus som er innreda på gamle måten..
.
 - dei tre bukkane bruse som skulle til sæters og gjera seg feite.....
.
 - herr og fru Troll
.
 og tilslutt eit av dei levande dyra som finns på sætra.
Bykjedalstunet er vel verdt eit besøk,- for både liten og stor.
God tur.

torsdag 13. oktober 2011

Ein fin haustdag på Jæren

Sol frå blå himmel og nesten vindstille
det er ikkje mange slike dagar vi har hatt denne hausten,
- eller eg kan visst rekna med sommaren og.....
.
 - eg tok turen ned til Hå gamle Prestegard
.
 - og vandra litt i området der...
.
 -ned mot Håtangen 
.
 -der ligg eit par gamle hytter
.
 - eg går i mellom og over mykje stein
.
 - langs lange steingardar
.
 - eg ser ut over det opne flate jærlandskapet
.
-  ikkje ein krusning på vatnet 
- det er ikkje ofte å sjå på desse kantar
 .
 - eg ruslar tilbake til bilen
.
- og tek eit blikk ut over det opne havet,
før eg køyrer der i frå.

onsdag 12. oktober 2011

Til nedfalls

- eit gamalt nedslitt jærhus på ei mark
.
 - ingen veg eller sti fører inn til huset
- berre traktorens spor på våte bakken..
.
 - det er lenge sidan folk og fe drog derifrå
.
- no står huset der åleine og forlatt
.
- vær og vind har herja i mange år
og ingen veit om huset orker ein ny vinter og vår.....

søndag 9. oktober 2011

Solrik haustdag ved sjøen

- sol frå klar himmel, litt vind om kinn og havet så blått.
.
 - Eg vandrar ved den vesle kyrkja ved havet
.
 - langs steingardar
.
  ein gul og lysande løvetann strekkjer seg mot sola
der han står tett opp til steingarden, i ly for vinden
.
  - eg rusler vidare forbi eit naust i Bodle
.
- på beiter fulle av stein
.
 - langs steinete strender
 .
 - forbi eit kvernhus og eit tørkehus som ikkje lenger er i bruk
 .
 - ein fin og god luftetur ved havet 
på Varhaug i Hå kommune.


lørdag 8. oktober 2011

Vakker morgenstund

Skodda låg som eit teppe over landskapet
 då sola var på veg opp mot åskanten
.

 - snart kikka ho over åskanten 
 fargane vert sterkare og meir intense
 .
 - eit vakkert skue
sett frå eit hotellrom, 
ved enden av rullebanen på Sola flyplass
 .
- for den som lurer...
resten av dagen vart like flott som morgonstunda.....

onsdag 5. oktober 2011

Grått i grått på Sola strand

Etter eit par flott dagar
er vi tilbake til stabilt grått, regn og vind - vær her på Jæren
.
 - eg var ein kort tur innom Sola stranda her ein morgon...
Regnet hadde akkurat ein pause - men vinden kunne ein merka godt..
.
 - Sola strand hotel ligg heilt ned ved stranda
.
 - strendene på Jæren er i bruk heile året
.
 - litt regn og vind er ingen hindring..
.
 - graset bøyer seg i vinden..
 .

 - ein tur på stranda er oppfriskende i all salgs vær...