onsdag 19. juni 2013

Rusletur på Hå, Nærbø

Det er ein fin juni ettermiddag, at eg tek turen til Hå.
Vakre sommarblomar møter meg, i det eg køyrer ned på parkeringsplassen
- ved Hå Gamle Prestegard
'
 - eg går gjennom tunet,
forbi hovudhuset
 - og det gamle jærhuset
 - vidare på stien ned mot Håelva
 - elva renn stille gjennom vakkert landskap
 - eg går ikkje over hengebrua denne gongen
 - eg går vidare langs elva
- her finns mange fuglar av mange slag,
som fyk opp når eg kjem for nært
- eg går på ei kort sandstrand
- bondens mark går nesten ned til elva
 - det er stille og vakkert 
 - der elva møter sjøen, er det endå fleire fuglar
 - eg går vidare langs den vesle stranda
- ei vipe siklar skrikande rundt meg
 - ho har nok lagt egg ein stad....
desse egga låg i sanden, midt på den vesle stranda...
 - eg ruslar vidare, over mark og eng
 - og endar opp der eg starta, 
ved Hå Gamle Prestegard
- rusleturen var ikkje så lang, men innhaldsrik.. 

onsdag 5. juni 2013

været skiftar heile tida...

Nokre bilete frå mine tufter.
- sola skin samtidig som mørke skyer heng lavt over bakkane
- eigentleg ganske flott å sjå på, - sjølv om det er litt vått....

onsdag 29. mai 2013

Naturen har mykje å by på, uansett vær.....

Det er grått, litt regn og vindstille...
- ein perfekt ettermiddag for ein tur langs steingardar og vatn,
på Nærland og Håtangen.
 - langs steinagardane var det mykje løvetann,
men her og der fann eg nokre andre blomar og
 - gamal og ikkje lenger til nytte...
 - vanndråpar la seg så fint på blomar og blad....
 - ved utløpet av Håelva fann eg fleire blomar
 - det er grått, men likevel så flott
 - her vart eg værande ei stund
 - eg såg stadig nye fine motiv
 - kunne liksom ikkje sjå meg mett på alt dette vakre 
  som naturen her baud på
 - til slutt måtte eg riva meg laust,
og gå til bake langs steingardane
 - her og der fann eg fleire fine motiv
 - vindskeive tre ser ein ofte på Jæren
- uansett vær, er det fint å vandre langs sti og vei,
nyte roen, og sjå på det vakre naturen kan by på.

søndag 26. mai 2013

Fotoserie frå Veterantreff

Veteranfolket møttes denne gongen, på Bryggen i Hommersåk.
Her kom kjøretøy i alle fargar og varianter...
Denne fotoserien viser eit lite utvalg av det som var å sjå..
 - brannbil
- Volvo P 1800
 
 - volvo herregårdsvogn
  - det blenkjer i nypussa bjeller på brannbilen
 - gråtass
 - mange detaljer
 - A ford
 - Volvo amazon 
 - 1954 modell frå DDR
tilhengeren var ein mobil målestasjon som televerket brukte i DDR
 - det skin i blankpussa crom

- min kunnskap om bilar er ikkje så stor,
så difor vert det ikkje så mange fakta i dette innlegget.
Kanskje du ser eit kjøretøy som vekker gode minner hos deg.