torsdag 21. januar 2010

Tur

Etter fleire veker innomhus
kjende eg igjen lysta til å gå på tur.
Det var ein god følelse.
Sola skein, eit par minusgrader
og vinden bles friskt.

Eg har sett fram til å koma ned til havet,
kjenna sjølukt og vind.

Snø hadde lagt seg i fenner
mellom steingard og sanddyner.
På alle stier var snøen nedtrødd og blitt til is
etter all ferdsel av turfolket.


Nede på stranda
var det nesten som eit "månelandskap"


Sol og vind kjendes godt om kinn


lyden av bølgjene vart som musikk i mine øyrer,
og den lyden bar eg med meg


heilt til kråka tok over
og "sang" for meg med sin hese stemme.
......
Ein fin og god tur.
Eg var sliten etterpå,
men det var ein god trøytthet.
.......
Ha ein fin dag, alle saman.

1 kommentar:

  1. slike turar gjer så godt etterpå ,-)
    flotte bilete
    Ha ein vakker dag!

    SvarSlett