fredag 17. september 2010

Haustfargar

I løpet av nokre få timar med fly
forflytta vi oss i går,
til den nordlege delen av Norge.
,
Haustfargane var det som møtte oss
då vi gjekk inn for landing
over fjelltoppane her.
.
ein liten luftetur gatelangs
var alt vi rakk
før vi møtte dotter vår som bur her.
.
midt inne i byen var det ikkje så mykje med haustfargar på,
men ser ein oppover liene, er trea farga i brunfargar.
.
dotter vår ein ein flink folkedansar og musikar
og ilag med henne og gjengen i BUL Tromsø
brukte vi kvelden til å friska opp att gamle dansekunster...
ja, det kjendest at det er minst 25 år sidan sist....

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar