lørdag 6. juli 2013

Hustoftdal - mitt "hemmelige paradis"..

Ein stad godt gøymt mellom fjella, i Eigersund Kommune
ligg Hustoftdalen.
Ein stad eg har fått lov å bli kjent med og bruke i fleire år.
Det er som om eg føler meg litt heime, når eg kjem innover på vegen.
Det er nokre kilometer å gå frå parkeringsplassen.
Veien går langs Omdalsvatnet
- her har deler av fjellet ein rødleg farge
- ved enden av Omdalsvatnet, er vi halvvegs til målet
- nesten framme..
- her kan ein gå inn på tunet,
- eller velgja ein anna veg
- eit kort stykke og rundt svingen, så er vi der
- ei einsleg revebjelle veks ved ein stein
- bregner har slått rot mellom steinane til husets vegg
- i Hustoftdal er det eit lite gamalt gardsbruk, som i dag er fritidsbolig.
Ein stille og fredelig plass,
der ein kan sitja ned og drøyma seg vekk,
medan ein lytter til fuglesang og bekkesildring...
- frå husa ser ein ned mot vatnet
 - nede ved vatnet er det laga ein enkel benk,
der ein kan sjå utover og bare nyta alt det vakre som finns
 - eg ruslar rundt omkring
 - tek til meg av alt som naturen byr på

 - kan liksom ikkje sjå meg mett...
 - det aller beste med denne plassen er,
at det er mulighet for å køyra inn for den som har behov for det.
(vegen er stengd med bom....)
Om ein ikkje er i god form, er dårleg til beins m.m.
kan ein likevel kome seg ut i naturen, 
få følelsen av av å vera langt frå den travle og støyande kvardag.
 - det er ikkje alltid at eg kan gå heile vegen inn.
Då har eg "følgebil" og går så langt eg klarer,
og får likevel ein fin opplevelsrik dag til "fjells".
Eigaren er no "godt opp i åra" og det er litt uvisst kva som skjer med plassen i framtida.
Eg kjenner at det vert eit sakn om andre skal overta, 
og eg ikkje lenger kan få bruka plassen som no.....

7 kommentarer:

  1. Vakkert, vakkert, vakkert! Skjønner godt du kan bekymre deg litt for framtida. Litt av et paradis, et passelig turmål med naturen tett på.

    Skulle gjerne gått denne selv, jeg.

    Riktig god helg!

    Klem fra Ingunn

    SvarSlett
    Svar
    1. Dette er ein tur som er merka av turistforbundet - så mange går her i løpet av året....
      God helg til deg og.

      Slett
  2. Å for ein flott stad!
    Takk at du delte :-)

    God helg!

    SvarSlett
  3. Åh for ein flotte plass Ruth.
    Her sko eg gjerna ha tatt meg ein tur.

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, det må gjera, og ta med kameraet - det finns mange flotte motiv på veien :)

      Slett
  4. Kjempefine bilder Ruth som alltid.Flott natur og fin beskrivelse av plasser du besøker. Det kan man like.

    SvarSlett
  5. Nå,05.09.20, er plassen til salgs.
    1.249 daa. Prisantydning kr 1.250.000

    SvarSlett