søndag 14. juli 2013

Volvotreff i Røldal juni 2013

Kvart år, ei helg i mai/juni, kjem volvoar frå aust og vest til Røldal,
for å delta på det årlege volvotreffet der.

Røldal er ei vakker bygd mellom høge fjell, i Odda Kommune.
- som ein fast del av programmet, lørdag føremiddag, 
er det oppstilling før vi dreg på felles tur, ein stad i området.
I år går turen til Odda, via gamleveien ved utsiktssvingane
 - ein etter ein rullar bilane ut frå parkeringsplassen
 - vi køyrer på rad og rekke i vakker natur
 - mellom Seljestad og Låtefoss køyrer vi på gamleveien,
på smale svingete vegar
 "Mellom Seljestad og Låtefoss, der låg det ei bru
som var så smal, at ingen kunne møtast eller snu
Der kom det ein dag ein danske, med Skoda og campingvogn,
Han punkterte midt på brua, og så var sirkuset i gang......."
(Øystein Sunde)

Den sangen handler ikkje om Volvo, 
men er skreven om brua over dette juvet...
 - vidare køyrer vi på hovudvegen inn mot Odda
 - vi passerer elver og fosser
 - snart er vi på veg ned til Odda 
 - vi tek ein rundtur i sentrum
 - svinger rundt Odda kyrkje
- før vi ender på tomta til Odda smelteverk
 - bilane vert her ståande til utstilling,
 - som ein del av Odda sitt 100 års jubileum
 - den gamle brannbilen i Odda
 - etter ei tid går turen tilbake til Røldal
 Vi gjer eit stopp ved Låtefoss
 Fossen er 165 m høg, og er den mest kjente av fossane i Oddadalen.
Den er spesiell i det at den har to overløp fra Låtevatnet,
som flyter sammen midt i fossen.
- tilbake til Røldal
Som du sikkert allerede har forstått, 
så handler Volvotreffet i Røldal ikkje berre om av vask og puss av bilar.
Det er like mykje eit treff der volvofolket har det morro i lag,
eit treff som "me kånene" og likar å delta på.....

4 kommentarer:

  1. Tak for turen,og hvor er de gamle biler smukke, og ruten I kørte endnu smukkere, den ville egen sig godt til en motorcykeltur :-) God søndag til dig

    SvarSlett
  2. Så artig det må være me et slikt Volvotreff. Mine tre første biler var Volvo. Først to PV'er så vart det ein ny 145. Dei to første var 1962 og 63, den nye var 1971 mod. Det var en stasjonsvogn med ekstra sete bak der det kunne sitte to barn med ryggen mot kjøreretningen. Setet kunne slås sammen og felles ned i gulvet i bagasjerommet. Det vart den nette sum av kr 45000,- for ein ny slik bil i 1971. Jeg husker at jeg ble intervjuet og avbildet i Volvos blad "Ratten" med denne bilen.
    Forbi Låtefossen har jeg kjørt ett par ganger.
    Fine bilder fra Volvotreffet.
    Ha en fortsatt god sommer.
    PS, hvilken volvo kjører dere da?

    SvarSlett
    Svar
    1. den røde amazonen 1967 modell, på bilete nr 3 er vår... og i garasjen er ei herregårdsvogn 1968, snart ferdig restaurert...

      Slett
  3. Flott bilder fra vakker natur! Morsomt å se de gamle volvoene igjen. Skjønner godt dette kan være artig for konene også.

    Fortsatt god sommer!

    Klem

    SvarSlett