mandag 14. april 2014

Det går mot kveld.....

Etter ein mørk og regnfull dag,
kom sola fram frå skyer og skodde,
eit par timar før ho gjekk i havet..
Eg tok turen til Nærland strand. 
Eg vandra langs med sjøen,
kjende på den friske lufta frå havet,
lytta til fuglesang og bølgebrus
 - tjelden stod med hovudet vent mot sola
- skyene og skodda er ikkje langt borte...
 - på neste strand haldt nokre på med kiting
 - medan eg jakta på motiv i strandkanten
- etter kvart vart himmelen rosa
- sola vart meir og meir gøymt bak skyer og skodde
- tilslutt seier sola takk for i dag og god natt...

 -  månen er klar for si nattevakt...
- medan eg ruslar sakte mot bilen....

2 kommentarer:

  1. Utrolig flotte bilder
    Ønsker deg en fin mandag
    Klem fra SIv

    SvarSlett
  2. Flotte bilder.
    Liker så godt Jærstrendene.
    Der hav og himmel går i ett.
    Her er det også klart for nattevakt.
    Ha ei god påskeuke :)

    SvarSlett