onsdag 3. september 2014

Fargerik kveldsstund

Sola har gøymt seg bak ei stor sky,
når eg kjem ned til Hå,
Ute i havet har kveldsfargane begynt å visa seg
 - eg rusler langs Håelva,
møter eit par karer som prøver fiskelykka i lakseelva,
elles er det heilt stille.
 Fargane rundt meg endrar seg seg heile tida,
alt etter kva veg eg svinger kameraet.
 - det er lågt vatn i sjøen,
og ei lang "sandstrand" strekkjer seg utover i bukta.
- det er litt vått, men eg rusler utover så langt det let seg gjera
 - Obrestad fyr ligg litt lenger sør
 - dagen går over til kveld,
sola daler raskt ned mot havflata
 - Hå Gamle Prestegard i kveldssola
 - fuglane tek ein siste sving over bukta,
før dei går til ro
(kanskje dei vart forstyrra av ein ivrig fotograf...)
 - sol, skyer, sjø
 - det er så godt å bare vera her,
lytta til fuglesang og bølgeskvulp,
og ta til seg av stillheten og roen som rår.
.
 - den skarpe oransje/røde fargen bleiknar
og ein annan del av fargeskalaen viser seg fram
 - som ein liten kvit prikk blant mørkare skyer,
gjer månen seg klar til si nattevakt.
- naturen baud på alle regnbuens farger,
- eit vakkert skue, ei stille kveldsstund.

1 kommentar: