mandag 15. august 2016

Bru Kultursti og litt til

Etter å ha studert Ut.no
hadde vi lyst å gå turen på øya Bru, Rennesøy Kommune
Det såg ut til å vera ein enkel og lett tur.
 - parkeringa var godt merka,
og her stod det er kart over området.
Det heile såg greitt ut.
 - vi gjekk langs grusvegen,
her og der stod det skilt med "lukk grinda", 
men ikkje noko meir
 - vi er ukjente i området...
 - ein stad delte grusvegen seg
men ingen røde påler eller skilt var å sjå,
så vi fortsatte i same retninga som før
 - grusvegen stoppa,
det stod "lukk grinda" på eit skilt
elles ingenting.
bak grinda var det sauer på beite
 - vi fortsatte litt på beitet,
men valgte å snu då heller ikkje her var skilt eller påler
 - tilbake der veien delte seg,
gjekk vi andre vegen
her stod ein påle med rødmaling,
men ingenting anna
 - vi valgte å ta ein kaffipause i veikanten,
litt etter kom fleire til same plassen,
dei hadde fulgt stien gjennom skogen
 - desse lette og etter merker og stien vidare
-tilslutt var vi vel 15-16 personer i fleire grupper,
som var like usikre på veien vidare..
Her trengs absolutt meir skilting,
og påler med rødmaling...
 - det vart ikkje den rundturen vi hadde sett for oss,
men vi hadde ein kortare, men fin tur,
 i eit vakkert kulturlandskap
 - vi drog vidare til Fjøløy, Rennesøy Kommune
og vandra litt i området til Fjøløy Fort.
 - her var stier både oppover og bortover,
dette området skal vi utforske meir ein annan dag.
- frå Fjøløy Fort har ein god utsikt,
her mot Fjøløy Fyr

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar