fredag 29. juni 2018

Sykkeltur med kamera i sekken

Endeleg skulle det laga seg for ein tur på sykkelen..
Har gjort han klar fleire gonger i vår,
men så har andre gjeremål krevd sitt,
og sykkelen nedprioritert...
 turen gjekk til Nærland og vidare mot sjøen,
såg mange fine motiv undervegs,
og stoppa på nokre plasser
 sandjorda tørker fort,
så her er dei raske med å vatne åkrane.
Kyrkja på Nærland,
er i dag avvigsla og i bruk til andre ting.
 snorbeine rekkjer
 nesten nede ved sjøen
 kornaksa vaia så lett i den vesle vinden
søre enden av Nærland strand
- her er alltid eit rikt fugleliv,
Fuglar på vei sør eller nord,
gjer ofte eit stopp her,
 og finn seg mat på veien.
 tett ved går kyrne på beite.
dei driv på med sitt,
og enser ikkje ein nærgåande fotograf
om steingarden kunne fortelja,
ville han nok hatt mang ei historie å bidra med
 sommarblomar, stein og blå himmel
det er bare eit vakkert skue
 Eit stopp i ved stranda Selvågen,
 er nesten obligatorisk..
Her er så stille og fredelig.
Det hender ei sjel går forbi, 
men oftast har ein plassen for seg sjølve..
 sykkelen og fotografen sykler vidare
på traktorvei og sti - 
og seinare sykkelsti og asfaltvei
Alt grunnarbeidet eg har gjort inne i vinter,
har lagt eit godt grunnlag for lengre turar.
Godt å kjenna at formen er bedre enn på same tid i fjor.
Ha ein fin dag!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar