lørdag 14. juli 2018

Litt frå dagens runde med sykkel..

Denne gongen valgte eg å sykla oppover,
mot høgaste delen av bygda.
Det ser kanskje ikkje slik ut på dei første bileta,
men det går sakte oppover..
Gudmestad
 nesten skyfri himmel
vinden kom mest bakfrå, eller frå sida
 Risa
 her mellom steingard og tre,
var det så godt som vindstille
 det oppover og oppover..
det er greitt å vera fotograf, 
og ha ein unnskyldning for å stoppe midt i bakken.. :D
 vel, det vart nokre stopp til,
før eg kom over øverste kneika
 mot Lye i Time
her oppe tok vinden godt tak
 mot Indrebø
 Indrebø
sauene er "heiagjeng" for den syklende fotograf
(og eit par andre syklister eg møtte på min vei)
 her oppe er det god utsikt
og nå får eg lønn for stevet,
ein laaaaang unnabakke,
til eg er nesten heime...
der venter ein siste og mindre motbakke....
God helg!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar