Det har vore stille her på bloggen i det siste.
Været har vel gjort sitt,
men eg har og vore oppteken med andre gjeremål
Eg er ein engasjert person,
akkurat no er det musikk, konserter og dansespeling
i lag med Hå Trekkspillklubb som har hatt mest fokus.
Når det "stormer som verst"
er det godt å kunne ta seg ein tur ut,
langs havet eller i heia.
Endeleg vart det rom for det her om dagen.
Litt regn, litt sol og frisk vind,
bølgjer som slår kvite og store mot land
fuglar som lettar og skrik sin melodi
lukt av sjø, tare og tang
- det er ei lisa for kropp og sjel
i motlys
det å stå der
sjå ut over havet
følgje bølgjene på si ferd mot land
la tanker og "stress" fly med vinden
det gjer godt på ein sliten skrott
skyer i mange farger og fasonger,
gir rom for fantasifulle oppdaginger
Kjekt med en tur til havet før det blir helg og hyttetur på Beitostølen.
SvarSlettRiktig god helg fra Ingunn