Godt Nytt År!
mandag 31. desember 2018
Brusand/Holmestø i varierande lys
Morgonsola var i ferd med å gøyme seg bak skyene,
då eg rusla mot sjøen
det var heilt vindstille,
og alle vatn var speilblanke
Fuglestadåna renn stille mot havet,
ja, det syns nesten ikkje at elva er i "fart"
det var eit magisk lys,
eit lys som ikkje var så lett å fange
Fuglestadåna er speilblank
Fuglestadåna møter havet
bølgjene slår mot berget der ute,
og kjem rolig inn mot land
morgonsola farger himmelen,
nesten som i ein solnedgang
det var nesten som om ein ikkje kunne sjå seg mett,
på lys, bølgjer, stein og sand
tilslutt slapp eg taket i den magiske og eventyrlege stunda,
og rusla vidare mot Holmestø
bølgjer i rosa/oransje lys
sjøslipte steiner
nausta i Holmestø
mørke skyer kom etterkvart sigande
og lyset blei flatt
eg rulser tilbake til bilen,
full av nye opplevelser,
og klar for å ta fatt på resten av dagen...
Etiketter:
Hå Kommune,
Jæren,
skyer,
strand
søndag 23. desember 2018
Den store sandkassen
Sol frå blå himmel
vindstille og eit par minusgrader...
og veien er ikkje lang til Nærland strand
vatn/sandlek er morro
uansett årstid
bestemorgutten liker godt
å leike med gravemaskin, lastebil spade og spann
alle fuglane er ikkje han oppteken av...
- bestemor ser på farger og motiv
medan bestemorgutten er opptatt med sitt
God søndag!
lørdag 22. desember 2018
På vandring langs Jærhavet
Sauene var velkomstkomite ved grinda,
då eg starta på dagens tur,
som gjekk nordover frå Hå gamle Prestegard til Skeie
lanskapet er flatt,
eg skal vandre langs vei og sti
over stein og sand
himmelen er grå og lyset flatt
det er nesten vindstille og eit par plussgrader
bølgjene ruller stille mot land
det høyres kvakking frå gås og and
elva møter hav
nausta på Håtangen
eg vandrer på traktorvei
og over eng
i Selvågen er fuglane mange
dei kviler på steinane der ute
eg vandrer langs steingarder mange
mot Nærland strand
- grått i grått og litt blått
stein på stein
fotspor i sand
Salteåna ved Refsnes strand
himmelen har fått litt farge på
bølgjer og sand
eit lite rosa skjær i sør
eg er ved nordre enden av Refsnes strand
og er snart ved dagens mål...
Det er fint å vandre langs Jærhavet,
- i all slags vær,
- det er alltid noko nytt å sjå,
- natur og lys endrer seg etter vær og vind...
God helg!
Etiketter:
Hå Kommune,
Jæren,
Steingard,
strand
Abonner på:
Innlegg (Atom)