lørdag 22. desember 2018

På vandring langs Jærhavet

Sauene var velkomstkomite ved grinda,
då eg starta på dagens tur,
som gjekk nordover frå Hå gamle Prestegard til Skeie
 lanskapet er flatt,
eg skal vandre langs vei og sti
over stein og sand
himmelen er grå og lyset flatt
 det er nesten vindstille og eit par plussgrader
 bølgjene ruller stille mot land
det høyres kvakking frå gås og and
 elva møter hav
 nausta på Håtangen
 eg vandrer på traktorvei
og over eng
 i Selvågen er fuglane mange
dei kviler på steinane der ute
 eg vandrer langs steingarder mange
 mot Nærland strand
- grått i grått og litt blått
 stein på stein 
 fotspor i sand
 Salteåna ved Refsnes strand
 himmelen har fått litt farge på
 bølgjer og sand
 eit lite rosa skjær i sør
eg er ved nordre enden av Refsnes strand
og er snart ved dagens mål...
Det er fint å vandre langs Jærhavet,
- i all slags vær,
- det er alltid noko nytt å sjå,
- natur og lys endrer seg etter vær og vind...
God helg!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar