søndag 4. februar 2018

tur - retur Orre strand- Revtangen

Eg har tidlegare vore på Revtangen,
og på Orre strand,
men ikkje gått turen mellom, 
før i dag.
 morgonsola nådde ikkje heilt ned på stranda,
då eg rusla i veg
(fire badenymfer tok likevel sitt morgonbad i sjøen,
då eg starta min tur... brrr såg kaldt ut)
utanom badenymfene, 
var ein og annan "morgonfugl" og tidleg på tur..
Når eg var tilbake, 
hadde resten av jærbuane vakna,
folk over alt - og overfyllt parkeringsplass.
eg lytta til havduren 
såg på bølgjene som slo så fint mot land
- sanden var delvis frosen,
så det vart litt oppå sanden og litt nedi sanden når gjekk...
 det var stor båttrafikk langs kysten
 mange spor i sanden
 rekgods
 fasinerande bølgjer
 turen er over 3 strender,
med steinparti mellom
Sørenestangen - mellom Orre og Revtangen
eg vandrer vidare, mot Revtangen
 Revtangen
 Reve sanden
 eg stopper ved nordre Revtangen, 
og kikker nordover på Reve sanden
 Reve sanden
 bukta mellom tangane 
 eg vandra på strendene på veg til Reve,
og i sanddynene på tilbaketuren
 venter på rette bølgja..
 Orre strand i sørleg retning
 Orre strand i nordleg retning
ein frisk og fin tur,
men litt i lengste laget.
Eg var sliten og men godt fornøgd med meg sjølv,
når eg var tilbake i bilen.
Eg kjenner at eg blir sprekare,
så kanskje det snart er på tide med oppovertur.....

2 kommentarer:

  1. Det er bestandig kjekt å se alle de fine bildene dine fra Jæren. Så helt annerledes natur enn her vi bor, men så vakkert! Ser for meg at det kan være tungt å gå i sanden, så jeg skjønner godt at du ble sliten. Men det er godt å kjenne seg litt brukt etter turen også da.

    Klem fra Ingunn

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for kommentar.
      Jæren er jo spesiell, med store flate vidder og lite hei/fjell. Etter mi meining har alle stader sine ting å by på, ein må bare ta seg tid til å sjå etter..
      ha ein fin dag
      mvh
      Ruth

      Slett