Etter to dager med gråvær og regn,
kom sola gjennom no i kveldinga.
Eg var ikkje sein om å ta turen
til nærmaste strand.
Sola skein på bondens kornåker
på stranda var det grått i grått
eit skyteppe sig sakte innover land
innover land er det eit fint lys
snart er Jæren dekka av skyteppet
ute i horisonten,
ved andre enden av skyteppet,
sender sola sine stråler,
og himmelen får kveldsfarger på
God kveld!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar