torsdag 11. juli 2019

Fin og stille sommarkveld på Hå

Det har vore ein dei få stille fine sommardagane,
 på Jæren, dette året
til og med nede i havkanten var det omtrent vindstille,
sola varma, og fuglane kvitra
 dyra på beite var opptatt med sitt
 vel, nokre av dyra tok turen ned til vannkanten,
for eit lite kveldsbad
I Vågen/Voien er det stille,
bortsett frå ein Tjeld,
som nok ville verna om reiret sitt.
Han skreik det han kunne 
og kom fykande mot meg fleire gonger
 ikkje ein krusning på vatnet
 elva er som ein spegel
 sommarfuglane flagrer av gårde på lette vinger
 ein sjelden fin kveld, der elv møter hav
God kveld!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar