søndag 22. september 2019

Heimturen frå Lillehammer går over Hardangervidda

Dette blir det siste lange innlegget om turen til Lillehammer.
Returen går over Hardangervidda.
Været er stort sett skya,
men og innslag av blå himmel og regndråper
 Vi er to biler i lag
 kaffipause må til..
 over Golsfjellet vert skyene mørkare 
nokre regndråper kom i mot oss
 her er så mykje fint å sjå,
aller helst ville denne fotografen stoppa opp og fotografert...
vel, vi hadde nok ikkje nådd målet for dagen,
om det vart så mange stopp.
 eg fotograferer ein del gjennom bilruta
 bilane trong drivstoff,
og det gjaldt visst fleire.
Her på Geilo,
møtte vi tilfeldigvis på 3 andre volvoer..
desse har og vore i Lillehammer.
Volvoar og volvofolket er kjenninger,
frå mange volvotreff i Røldal.
 med eitt er vi 5 volvoar på turen over vidda
 store snøflekker og is på vatna,
vinteren har ikkje heilt sleppt taket her
 eg kan ikkje sjå meg mett på dette lanskapet..
kameraet er stadig i bruk
 På Halne Fjellstove 1140 moh
har vi ein pause og et middag saman.
 vi ruller vidare
 mot første store rasteplass,
der blir det kaffi i det fri
ein siste samling før volvane snart dreg kvar sin veg
 eit panser blir opna, og diskusjonen er i gang
 det var ein kald rast, så den vart kort
 etter mange mil,
nærmar vi oss småbygdene i Hardanger
 siste natta var vi på Ullensvang hotel
 her er det flott både inne og ute..
ein opplevelsesrik tur, på så mange måter

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar