fredag 25. oktober 2019

Frå blå himmel til mørke skyer

Vinden bles friskt.
himmelen var delvis blå,
med store fine skyer på.
 det er jammen blitt ei stund sidan sist,
eg vandra langs jærhavet.
Reiser og anna,
har teke mi tid.
 sauene kom mot meg,
men var visst ikkje interessert i kontakt,
dei passerte meg stille og rolig
 fargane var friske og fine,
så lenge sola var framme
 skyene vart fleire 
dei endra form og farge
 det er spennande å sjå på korleis skyene skifter karakter
lufta vert kaldare
og vinden auker på
 Eg nådde akkurat tilbake til bilen
før regnet kom.
- meir og vind og meir regn er meldt,
dette er vel bare ein liten beskjed om at uværet er på vei....
 vi skriv siste del av oktober,
og det blomstrer framleis i grøftekanten
God helg!

1 kommentar:

  1. Det er alltid kjekt å bli med på tur på Jæren! Takk for nok en fin bildeserie!

    Fortsatt god søndag fra Ingunn

    SvarSlett