onsdag 15. januar 2020

Høg sjø langs jærkysten

Det er meldt om høg sjø og stor fare for flaum,
langs store deler av kysten i Sør Norge.
Det var ein flaumtopp i natt,
og det var meldt om ny flaumtopp i ettermiddag.
 eg måtte ein tur ned til sjøen,
for å sjå bølger, sjø mm
 Sjøen dekker store deler av strand,
men eg vart likevel litt overraska,
det var ikkje så galt som eg hadde forestillt meg.
 men likevel fasinerande å studere bølgjenes rulling mot land
 eg forflytta meg til småbåthavna på Obrestad.
 somme stader skvulper bølgjen opp kaien,
sjøen går nesten opp til kaien
 utanfor moloane,
går sjoen kvit, med store bølgjer,
somme slår går høge når dei møter moloen
 vinden aukar på og det vert uro inne i havna
båtane slår mot kvarandre
  eg vart nesten litt skuffa,
etter alle meldinger om høg sjø og vind,
så hadde eg nok sett for meg verre ting enn dette.

1 kommentar:

  1. Fint å se bilder av naturkreftene, og det det ser ikke ut til at det blestore skader, heldigvis.

    SvarSlett