fredag 3. januar 2020

Vind, regn, sol og ganske friskt ved sjøen

Det er meldt aukande vind og regn.
Min tur var i det vinden begynte å auke på,
og det veksla mellom sol og regn
 det er like før ei regnbyge,
og alle sauene har snudd rumpa til været..
 vinden tek godt tak i ulla..
 i det eg når ned til sjøen
vart det mørkare,
og snart regna det store kalde regndråper
 bølgjene går kvite mot land
 med  eitt er lyset på vei tilbake
 himelen er blå
og skyene ligg ute i havet
 like fort er himmelen grå,
vinden aukar på
og regnet er tilbake
 panoramafoto Hå/Håtangen
Det er friskt og blåsande på Jæren,
kameraet er vanskelig å halde stille,.
Ein ting ersikkert,
på ein slik luftetur,
får ein renska opp i sjel og sinn,
tunge tanker reiser avgårde med den jærske vind,
og nye bilete fester seg på netthinna.

1 kommentar:

  1. Flotte bilder som vanlig fra deg! Fargene er så fine!

    Godt nytt år, og fortsatt god helg!

    SvarSlett