fredag 7. august 2020

I forfedrenes fotspor

Det var ein våt og regnfull dag,
då vi ville besøke mine forfedre sin støl/seter.
Dei budde ute ved kysten og førte buskapen lang vei,
før dei endeleg nådde Bjørnstølen, innanfor Bontveit.
(Hordaland - Vestland Fylke)
I dag kan vi køyre ganske nærme,
og veien er ikkje lang å gå.
Der borte i tåkeheimen/regn litt ei samling av støler. Den eldste og minste høyrer til mi slekt.

Stien er til tider våt og sorpete, men vi er kledd etter forholda. Det blir ein fin tur innover
Eit hardt arbeid var det nok ei gong i tida, då desse hellene vart lagt ned.
vi passerer små sildrande bekker 
der framme er stølen, Flagget er hengt opp, og verten er klar til å ta i mot to våte Jærbuer
sælet/setra/stølen er ikkje stor. Bygd langt tilbake i tid. Det som den gong var ytterdør, er så lav at alle må bøye seg, for å kome inn. Det var visst vanleg å lage dørene slik den gongen, for å halde bjørnen ute.

Verten må i bekken etter vatn.
Utsikt ut over dalen
Utedoen 
sit ein med døra open, har ein god utsikt nedover dalen
Verten har fyrt ovnen
grilling av pølser ute på bålplassen
revebjellene finns over alt her
Eit lite solgløtt, og vi satser på rast i solveggen.
 Slik skulle det ikkje bli. Regnet starta på att, før all maten var komen på bordet. Det vart ei fin stund inne, knitring i ovnen, og mimring om farne tider.

Morro å vera tilbake, der eg mange gonger var i mine barndomsår (pluss nokre få i vaksen alder)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar