søndag 16. mai 2021

sykkeltur med kamera i sekken

Denne dagen sykla eg mot eit bestemt mål,
Knudaheio, Arne Garborg si sommarstove.
Denne er plassert på Undheim, på Høgjæren,
med god utsikt over Jæren. mot havet.
Arne og Hulda Garborg er gravlagde her.
Det går mykje oppover fra start til mål.
Mang ein proff syklist raser forbi meg oppover bakkane,
men eg har god tid og kan bruke heile dagen.
Hytta ligg innegjerda med steingard,
rundtom er det beiter for ku og sau.
flotte og store skyer driv sakte over jærhimmelen

gravhaugen er liten 
mot dei store trea i hagen.
ein kan gå innover traktorvegen
og etterkvart i utmark og på fjellknauser
langt der ute er havet


skyene går "nesten" nedpå steinane


den røde hytta viser godt igjen i landskapet


etter ein runde til fots,
litt fotografering
og ein liten rast,
tek eg fatt på heimvegen.
Det er no mykje nedoverbakke,
og stor fart,
og på ein, to, tre
så er eg heime att. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar