mandag 3. mai 2021

Rundtur i bygda, på sykkel og til fots

I dag har eg valgt å ta tur nr 10 på turkortet.
Utgangspunktet er å gå,
men eg gjer ein kombinasjon,
og bruker sykkelen der det går an
på slike grusveger blir det litt sykkel og litt på føtene
i Hanabergsmarka
blir det mest til at eg går med sykkelen
då er det lett å stoppe
for å fotografere

fine skyer breier seg utover jærhimmelen
Siste biten opp mot Hanaberget
går eg utan sykkel
Sauene går i lag med meg,
eit stykke oppover
På Hanaberget finns det rester frå krigens dager
berget er ikkje så høgt,
men det er god utsikt frå toppen
Hanaberget er målet for tur 10.
Været er bra,
så eg tek meg ein ekstra runde,
til Obrestad
og Hå
langt der borte er Nærland strand
det er stille på tangen,
lite vind og ingen bølgjer
Eg tek ein liten rast ved laksehytta.
Lytter til fugleskrik/kvitter/triller
ser på vipa som svinger seg oppe i det blå
Eg får auge på Tjeld, måker, viper, linerler,
og eit par andre småfugler
 i grøftekanten ned mot elva,
lyser det gult i gult

eg vart litt overraska
då eg såg blå/lillafargen innimellom det gule
Håelva renn stille ut mot havet

møter nokre få andre turgåere på min vei,
elles er det stille
min runde går langs mang ein steingard,
som vitner om mange år med tungt slit,
då bøndene ei gong i tida rydda jorda for stein.
før dei i det heile kunne begynne å dyrke på jorda.
Ein god runde på ein fin og vindstille (nesten) dag på Jæren

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar