lørdag 10. juli 2021

Volvoen her og der..

Gammelbilens Venner,
den lokale foreninga for veteranbilentusiaster,
har 10 turmål på si "topptur"/"stolpejakt" liste.
Bilen skal fotograferast på kvart mål.
Vi starta med ein ettermiddagstur til Hå Gamle Prestegard,
som er knappe 5 minutt unna der vi bur.
Det vert mange "selfier" av vår Volvo 164 1969 modell
Nokre dager seinare,
har vi lagt opp til ein dagstur,
vi skal innom 3 av 10 mål 
Første stopp Ølberg havn/strand
bilen måtte stoppa både her og der
før fotografen vart nøgd med bakgrunnen.
Sjåføren fekk kjøpt seg ein softis,
som denne plassen er berømt for. 
Stopp 2 Tungenes småbåthavn
Vi nytta og høvet til å ta gåturen til Tungenes fyr,
Vi går langs småbåthavna,
med dei gamle fine båthusa




snart ser vi fyret
det er ikkje meir enn 400 meter frå havna til fyret
Vi går mellom bondens mark og snaue svaberg
Tungenes fyr var avfolka i 1984,
i dag brukes fyret til kaffedrift og utleige av rom

på andre sida av fjorden ser ein Bokn
grinda mot havet
Dagens 3. stopp
er Veimuseet i Dirdal.
Her kjem vi ikkje inn,
 pga stengd innkjørsel og gravearbeid.
Vi lurer oss innafor markeringane i to minutt,
kun for å få bilselfien
Vi køyrer ein annan veg heim,
og gjer eit kort stopp i Gloppedalsura.
Dette er ikkje eit av turmåla,
men eg liker å stoppe her,
 for å sjå på den mektige naturen
Gloppedalen mellom høge fjell.
Gloppedalsura er omtalt som Nord Europas største steinrøys.
 Ura vart skapt for 10 000 år sidan,
då isbreane smelta bort frå Gloppedalen

Slike turer/mål er nytt for Gammelbilens venner,
Eit godt tiltak,
spesielt i desse tider då vi skal halde litt avstand.
Snart er gammelbilen vår på tur igjen,
mot nye spennande turmål.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar