mandag 12. juli 2021

sykkeltur med kamera i sekken

Det blir mest sykkelturar utan kamera,
etter ein lang og god etappe på lørdag,
roa eg ned i går.
med ein kortare tur i heimbygda.
Eg tok peiling mot Obrestad og Hå,
for å ta nokre bilete i området.
Det var grått 
og lyset var flatt som vi seier her,
- ikkje beste lys for fotografering.
Kornåkrane er i ferd med å bli gule
i det eg når Obrestad,
blir det eit skifte i lyset,
og sola kjem meir og meir fram
 potetåkeren blomstrer
Turen går ned mot Håelva 
grøftekanten her,
er full av sommarblommar og strå
Tangen

Nede ved elva slår varmen mot meg,
vindstille 
og sol som varmer godt gjennom det tynne skylaget
hengebrua på Hå
herifrå blir det ein liten runde på sykkelen,
før eg er heime att.
Det å bruke sykkelen gir meg meir frihet,
større mulighet til å kome meg rundt,
utan vondter og sliten kropp.
Mitt store sykkelmål for sommaren er snart nådd,
så eg er godt fornøgd med egen innsats.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar