torsdag 18. august 2022

Hå gamle Prestegard-Jonsahuset

Det har blitt mang ein sykkeltur i sommar,
og lite fotografering.
I dag tok eg beina fatt,
med kamera på magen
og sekk på ryggen.
Eg starta frå gamle prestegard,
som er ein populær plass for store og små.
her er utstillinger,
litt å eta, kaffi og is for den som ynskjer det.
Eit populært utgangspunkt for turer,
både mot sør og nord.
bakanfor huset finns ein liten hage
med urter og blomar av fleire slag



her står enno kornet
det er nok like for det vert hausta her og
eg vandrer ned mot Håelva
langs steingard og åker
eit sea king helikopter
drog tidlegare sørover,
men må ha snudd...
nå heng det over båten.
båten er i fart og helikopteret følger med på veien
For den som ser godt,
så er ei korg på vei ned mot båten
eg sysler med mitt
og prøver å fotografere litt
sjølv om lyset er litt flatt..


ennå lyser blomane mot meg,
men det er nok ikkje lenge før at dei må gje etter
 for regn, og vind og haustlege dager
rett framfor føtene mine,
vart eg var ein liten hoppande kar
spor i kornåker

fargeglade stoler 
og ein pynta sykkel
ved Jonsahuset.
Turen ender ikkje her,
men det var lite med fotograferinga på resten av tida.
Ha ein fin dag,
der du er.
 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar