søndag 21. august 2022

På og rundt holmen. Skånevik

Helga har vor full av musikk og sang,
i godt lag saman med ein fin gjeng.
Hå trekkspillklubb har hatt seminar i Skånevik.
Rosene var regntunge,
då vi ankom hotellet fredag ettermiddag

Lørdag morgon 
skyene er i ferd med å fosvinne
og sola er på veg opp bak åsen.
Det er tid til ein liten tur,
før trekkspel, gitarer, bass, kornett og sangstemmer
fyller lokalet med sang og musikk
Turen går til den vesle holmen
like utanfor hotellet
her er det stillhet og ro som rår

eg gjekk fleire runder,
det vart som ei oppdagingsferd,
eg såg nye ting på kvar runde


ferja som går til Utåker og Matre
la til kai like ved
kort etter var ferja på fjorden att

skyene er snart borte
og sola varmer godt
her er mykje spennande på bakken,
ein må bare rette blikket nedover



teikn på at det går mot haust


ein og annan småbåt glir sakte inn mot kaien


Det er vanskelig å sleppe taket i nuet
og alt det fine rundt meg,
men inne i lokalet venter ein gjeng glade musikanter,
på sin kornettspelande musikalske leder.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar