lørdag 17. desember 2022

Vinterdag på Jæren

På Jæren har vi hatt ein periode med snø og vinter.
ofte med ein kald vind..
Her om dagen fekk eg endeleg ein mulighet,
til å ta meg ein tur med kameraet.
Dagen var fin, nesten vindstille,
med sol som etterkvart varma om kinn.
Eg tok meg opp på Høgjæren,
i Time kommune,
Første stopp: Tjålandsvatnet.
Her var sola på veg over åsen,
store deler av vatnet ligg i skyggen.
Det var så magisk lys og stemning,
Eg måtte bare stå der og nyte stillhet og ro

Neste stopp: Langavatnet
Dette vart eit kort stopp.
då bilen måtte stå litt ut i vegbanen,
pga snøen

eit vakkert skue her og
Stopp nr 3: Knudaheio, Arne Garborgs rike
traktorspor kan og bli noko fint 
Arne Garborg si sommarstova

eg går vidare langs traktorspora
eg må stoppe opp fleire gonger,
og ta til meg av det naturen byr på

Bakkatjørn er islagd. med snø




kven har rusla over isen?
timebygda

eg rusler ned att same vegen
sola har nå nådd hytta
det er bare så fint med den vesle røde hytta,
mot alt det kvite

eg gjorde eit 4. stopp,
men nå i Hå kommune, på Indrebø, Nærbø
det er fint å kunne sjå tilbake på bileta,
å tenke på den fine dagen,
nå når det regner,
snøen er blitt våt,
det er glatt
og litt vanskelig og ferdast ute..
Ha ein fin dag, der du er.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar