torsdag 18. mars 2010

Husmannsplass

Træe (av trede, plass å gå), husmannsplass og kårstove under garden Line og er frå 1780.
Bygningane vart restaurerte i 1997.

Kjøkkenet har grue og jordgolv.
Taket har handlaga panner.
I forlenginga av Træe finn ein høyløa.

Fjøset er innbygd i bakken, med landkum og plass til to kyr.


Træe ligg like ved riksvegen,
og seiest å vera det mest fotograferte og malte huset på Jæren.

onsdag 17. mars 2010

Utloddning/ Give away

Eg ser at mange har utloddning i sine blogger
sjølv om eg ikkje har den store vinnerlykka
tykkjer eg det er artig å delta.


Eg har ingen spesiell grunn, bloggen var eit år i februar,
ikkje har eg nådd eit visst antal besøk,
men fekk berre lyst til å prøva meg på ein utloddning.

Nr 1 vil få eit par sokkar med dette mønsteret på
Nr 2 og 3 vil og få heimastrikka sokkar av eit eller anna slag.
.
berre eit lite ps: har eit alternativ for menn og.....
.
Du kan vera med på trekkninga og kan få inntil 3 lodd om du:
1 lodd: legg igjen ein kommentar til dette innlegget,
eller om du ikkje har blogg - send meg ein email: ol-boe@online.no
1 lodd: legg deg som følger av bloggen
1 lodd: linker meg
Fint om du skriv kor mange lodd du tek.
.
sidan eg er bortreist store deler av april,
vil eg trekkja ut vinnarane når eg kjem tilbake.
Trekkning 28. april.

lørdag 13. mars 2010

Litt av kvart

Her om dagen fekk eg låna to søte små.
Me gjekk ein tur i fuglaparken på Nærbø.
.
Vi hadde med oss poser med brød til fuglane,
og lurde fælt om dei var svoltne.
Fuglane kom springane når vi opna posane,
det er jo fortsatt tele i jorda
så dei klarer ikkje å finna noko på eiga hand.

Dei to små delte broderleg av maten
først litt til seg sjølv, og deretter litt til fuglane.
Eg trur dei to søte små var mettare enn fuglane
når vi gjekk der i frå.
Desse fuglane vert passa på
og får mat kvar dag.
I det siste har det vore skriverier i avisen
om stor dødelighet av ville sangsvaner,
der det tilslutt vart sett igang med foring
for at svanene skulle overleva kuldeperioden.
Det har vore ein lang vinter for alle.


I skrivande stund er det tidleg lørdag morgon.
Om eit par timar er "maraton helga" i full gang,
to dagar fulle av musikk.
Mange timar øvelse i dag og i morgon
og det heile vert avslutta med konsert i morgon kveld.

Eit samarbeid mellom Nærbø Musikkorps
og Brass Brothers.



Denne awarden fekk eg hos Løvetann
Eg seier tusen takk for det.
.
Denne awarden skal sendast vidare til 12 andre blogger ein likar godt.
Eg tykkjer det er vanskeleg å ta ut 12,
så eg velger å gje den vidare til alle som er innom her.
.
God helg alle saman.

torsdag 11. mars 2010

Vibå æ komen

kunne ein lesa i avisen her om dagen.
.
Når vipa igjen landar på jærsk jord,
er det eit bud om vår.
.

biletet av vipa er lånt.

Eg har sett fuglen eit par gonger denne veka,
der ho trippa så flott på åkeren
mellom snøflekkane.
Dei siste dagane har eg reflektert litt over dette,
korleis veit vipa at nå, ja akkurat nå,
er tida inne for å fly tilbake til Jæren.
Med dei snømengdane som har kome ned dei siste dagane,
syd i Europa,
burde fuglane vore heilt forvirra,
og utsett turen nordover....
.
Snøsmeltinga er komen godt igang,
+6-7 grader, skoddaregn og sol
tærer godt på snøhaugane.
Snøklokkene har venta på varmare tider,
der nede under all snøen,
dei har nytta desse dagane, er komne opp somme stadar
og nikkar så stolt med sin vakre blomst


etter at me ordna heile hagen i fjor sommar
er det få eller ingen blomar att her
så eg må nok låna andre hagar for å få "ferske" vårbilete,
desse bileta er frå i fjor.

Krokkusen må me nok venta på ennå ei tid,

men snart så kan me og sjå desse fargerike blomane i full blomst.
.
det er ei fin tid som ligg framfor oss,
der alle vekster vaknar til liv igjen
der fargelause åkrar vert fulle av nye spirer
der knoppar spring ut og gjev farge til blomar og tre.
Eg ser fram til alt dette.
.
Vipa og snøklokkene er her
- våren er komen til Jæren.

søndag 7. mars 2010

Macro

Kva er dette?
" det sorte hull" ?

sjøanemoner?

glødende vulkan?

fjær?

nei, det er denne blomen
sett gjennom macrolinsa mi.

fredag 5. mars 2010

Tur på stranda

I går gjekk eg ein tur på stranda,
det var ei fin stund i solskin og vindstille.

snøen ligg nesten heilt ned i sjøkanten
denne gongen var det fleire
som nytta godversdagen til ein tur

I dag dett det noko merkeleg kvitt noko ned frå himmelen......
rettare sagt det dett ikkje, det bles på tvers...
eg trudde rennedrevs dagane var over for i år.....
...
-mitt første vårteikn vert nok gøymt under ny snø,
om det skal det snøa lenge på dette viset.
hmmm!

onsdag 3. mars 2010

Ranuncler

Ein bukett ranuncler
til alle mine bloggevenner
med ynskje om ein god dag.



Eg vil takke for alle kommentarar eg har fått,
det er veldig kjekt å sjå at så mange likar bileta mine.