lørdag 13. mars 2010

Litt av kvart

Her om dagen fekk eg låna to søte små.
Me gjekk ein tur i fuglaparken på Nærbø.
.
Vi hadde med oss poser med brød til fuglane,
og lurde fælt om dei var svoltne.
Fuglane kom springane når vi opna posane,
det er jo fortsatt tele i jorda
så dei klarer ikkje å finna noko på eiga hand.

Dei to små delte broderleg av maten
først litt til seg sjølv, og deretter litt til fuglane.
Eg trur dei to søte små var mettare enn fuglane
når vi gjekk der i frå.
Desse fuglane vert passa på
og får mat kvar dag.
I det siste har det vore skriverier i avisen
om stor dødelighet av ville sangsvaner,
der det tilslutt vart sett igang med foring
for at svanene skulle overleva kuldeperioden.
Det har vore ein lang vinter for alle.


I skrivande stund er det tidleg lørdag morgon.
Om eit par timar er "maraton helga" i full gang,
to dagar fulle av musikk.
Mange timar øvelse i dag og i morgon
og det heile vert avslutta med konsert i morgon kveld.

Eit samarbeid mellom Nærbø Musikkorps
og Brass Brothers.



Denne awarden fekk eg hos Løvetann
Eg seier tusen takk for det.
.
Denne awarden skal sendast vidare til 12 andre blogger ein likar godt.
Eg tykkjer det er vanskeleg å ta ut 12,
så eg velger å gje den vidare til alle som er innom her.
.
God helg alle saman.

5 kommentarer:

  1. Musikk i gatene er virkelig et vårtegn.
    Da er øvelsen til vårens merkedager i full sving. dere skal sikkert øve inne.
    Ønsker deg ei flott helg med musikk dagen lang :)

    SvarSlett
  2. Hav en rigtig god musik-weekend...

    SvarSlett
  3. Ja det er viktigt at fuglan får hjelp av oss. Dem klarer ikkje å finne nok mat sjöl enda.

    Håper det gikk bra på treninga og at alle spillte riktigt.
    Klems Synnöve.

    SvarSlett
  4. så flott å mate endene i deilig vårsol! Og tenk så glad de blir over all maten. Lykke til med en spillehelg! -Margit-

    SvarSlett