søndag 11. desember 2011

snøen som fallt i fjor......

Desember 2011 har til no kome med stormfulle dagar,
regn, vind og 6-8 plussgrader.
Lite minner om vinter og kvit jul...
Eg har vore i arkivet og funne bilete frå desmber 2010
då var det snø, vindstille og 5-10 minusgrader her...
her er litt av snøen som fallt i fjor....
 - heima på Bø

-  Garborg
 - Risa

 - Knudaheiå - Diktaren Arne Garborg budde her om sommaren

 - nokre dagar med litt mindre snø....

 - den vesle kyrkja ved havet, på Varhaug.

 - soloppgang på Bø

Eg vil ynskja dykk fine desemberdagar
og ei fin førjulstid.

torsdag 8. desember 2011

"stille" før stormen....

- nytt uvær med nedbør og sterk vind er meldt...
 -  eg tok meg ein tur til sjøen medan det enno var vindstille
 - tunge mørke skyer er på veg inn mot land
 - havet er ennå ganske roleg
 - men bølgjene slår godt mot land
 - i skrivande stund piskar regnet godt mot ruta
og vinden tek godt tak i hus og heim...
- den beste plassen er no innendørs med god fyr i ovnen,
ei god bok eller ei strikketøy og ein god kopp kaffi eller te å varma seg på.

mandag 5. desember 2011

Den første snøen

kom til Jæren i dag
- skyene hang tunge og mørke over bygda
 - sjølv om snøen ligg og lyser  på bakken, har det vore ein mørk dag
og det meste har fått fargen grå, kvit eller svart.


lørdag 3. desember 2011

Variasjoner over eit tema

- skog, vatn og himmel -


 Sværsvann , Akershus i morgonsol.

fredag 2. desember 2011

Stille morgonstund

ved Setretjørn
 - sola er på veg opp
 - trea speglar seg i det stille vatnet
 - deler av skog og vatn ligg enno i skyggen
 - mange av trea er høge
 - andre har mose på
 - somme har greiner som heng heilt ned i vatnet
 - her er det stillhet og ro som rår,
dei små bevegelsane i vatnet lagar sjølv
når eg på flytebrygga går
 - min morgon tur er snart over
 - hode og kropp er fyllt med ny energi
- og eg er klar for ein ny arbeidsdag her inne i skogen