På grunn av eit sjåføroppdrag,
havna eg på Sola før kl 8 i dag tidleg.
Skodde og dis låg tjukk over alt,
innimellom kunne ein skimte sola eit lite øyeblikk.
Eg lurte på om det i det heile var noko vits å kjøre innom stranda,
det var jo kun ein grå vegg, når eg såg ut mot havet.
Det var grått, men ikkje så grått som eg hadde trudd.
ein såg store deler av stranda, i begge retninger.
det vart lettare der eg var,
men rundt meg låg det tett tåke
etter kvart kjenner ein og ser at sola prøver å kome gjennom
maneter var det over alt
Eg snakka med to damer,
dei hadde avslutta det som skulle vera bading,
dei sa det var eit belte med maneter ute i sjøen...
fine å sjå på
det lysna og brått var himmelen blå
iallefall der eg var..
eg går over 3. stranda,
mot stien til Ølberg
her var det sånn at eg angra på at nistepakken ikkje var med på turen
eg sette meg ned og tok til meg av farger, former og det som var
og kjende på stillheten og roen
det er låg sjø,
og matfatet klart,
eit eldorado for store og små fugler
Det vart ein fin tur,
øvelser vart det og...
Ein god start på dagen.
Lag deg ein god dag, der du er!

























Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar